Besøkende: 140246
|
Fastelaven og valentine
Nyheter | 16/02-2010 av Agnethe Jovall
Søndag 14. februar var det både fastelaven og valentine, så Furnes BU inviterte til hygge på Furnes Ungdomsskole.
Vi begynte kvelden med å baka bollar, og medan dei gjorde seg klare, lagde vi valentinekort! Furens BU stilte med eit godt utval av ark og pynt. Det var mange fine kort å sjå med meir eller mindre kreativ påskrift… Bollane vart ferdige og fylt med krem og melis, og det smakte riktig så godt. Ein fornøgd gjeng på ca 25 stk. drog heim med kort til kjærasten, eller til mor fordi det òg var morsdag.
«««--- Tilbake---«««
|
|
|